Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Lovlegkontroll av budsjett og økonomiplanar

Fylkesmannen kan overprøve avgjerder gjort av kommunale folkevalde organ for å sikre at dei ikkje er ulovlege. Dersom vi meiner det er gjort eit ugyldig vedtak, skal vi oppheve det.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.11.2017

Dette gjeld òg for budsjett og økonomiplanar. Kommunane må følgje kommunelova med forskrifter når dei vedtek desse. For alle kommunar kontrollerer vi at budsjett og økonomiplan er i balanse og at det ikkje er budsjettert med uspesifiserte innsparingar. For kommunar som er registrerte i Robek (Register om betinget godkjenning og kontroll) gjer Fylkesmannen ein grundigare gjennomgang av planane og skal godkjenne låneopptaket som kommunestyret har vedteke for budsjettåret. For budsjett og økonomiplan skal ein kommune registrerast i Robek dersom kommunestyret har vedteke

  • å fastsette eit årsbudsjett utan at alle utgifter er dekka inn
  • å fastsette ein økonomiplan utan at alle utgifter er dekka inn
  • at eit underskot skal fordelast ut over det påfølgjande budsjettåret etter at rekneskapen var lagt fram, eller kommunen ikkje følgjer vedtatt plan for dekking av underskot

Etter kommunelova skal budsjettet vere realistisk og det skal fastsettast på grunnlag av dei inntekter og utgifter som kommunen kan forvente i budsjettåret. Økonomiplanen skal og gje ei realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden. Fylkesmannen presiserer at det først og fremst er kommunestyret som gjennom sitt vedtak har ansvar for at budsjett og økonomiplan oppfyller kravet om realisme. Fylkesmannen kan med heimel i kommunelova § 59 nr. 5 etter eige tiltak ta opp vedtak om budsjett og økonomiplan til lovlegkontroll. Rettleiaren om lovlegkontroll frå departementet seier at Fylkesmannen bør nytte sin kompetanse til å kontrollere om kommunale vedtak er lovlege på eige initiativ med varsemd.

Her kan du lese meir om lovlegkontroll som tryggleiksventil.