Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kostra-tal per 15. mars

Godt nytt: 25 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har rapportert rekneskapsresultat  til SSB innan fristen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.03.2016

Med unnatak av Jølster kommune, har alle kommunane i fylket levert rekneskapstal til SSB innan fristen. Det er ein stor forbetring samanlikna med fjoråret, kor fem kommunar ikkje var ajour med rapporteringa.

Av 25 kommunar rapporterer 21 av desse at dei har eit positivt netto driftsresultat, og berre fire kommunar varslar om negative driftsresultat.

Når tala er reviderte, vil vi kome attende med fleira analyser.

Du kan sjå utvalde nøkkeltal hjå SSB her.

 

Lenkjer