Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kommunekonferanse i Balestrand - 23. og 24. mai 2018

Fylkesmannen vil også i år invitere til kommunekonferanse, denne gang i Balestrand, på Kviknes Hotel. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.04.2018

Årets tema på konferansen blir dialog og samhandling mellom stat og kommune, og kva endra strukturar, oppgåvedeling og ny kommunelov vil bety. Vi vil vidare ha ein bolk med kommuneøkonomi etter at kommuneproposisjon for 2019 blir framlagt den 15. mai.  Dagen vert avslutta med ein diskusjon om ny kommunestruktur og kva som skjer med det regionale samarbeidet, i tillegg til ekspertutvalet sine tilrådingar.

På dag to vil vi diskutere samfunnstryggleik og beredskap, og korleis trygge lokalsamfunna når strukturane endrar seg. Det blir og ei orientering om status og framtid for politireforma. Inkluderande arbeidsliv og kva som skal til for at fleire innvandrarar skal komme i jobb blir siste tema, der både Nav, NHO, privat næringsliv og kommune skal innleie.
Til slutt vil KS informere om felles innkjøpsfunksjonar i det nye Vestlandet.

Vi håpar du synes innhaldet er interessant, og du finn heile programmet i lenka til høgre.
(Det kan bli mindre endringar i programmet)


Her er lenke til påmeldingsskjema.