Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

KOSTRA-rapportering 2015

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til SSB (Statistisk sentralbyrå) innan 16. februar 2016.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.11.2015

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 4. januar 2016. Frist for innrapportering av klientdata innan barnevern, sosialhjelp, introduksjonsstønad og kvalifiseringsstønad, IPLOS og barnehagesatsar er sett til 15. januar 2016. For dei øvrige dataene er fristen 15. februar 2016. Kommunar som ikkje har bestemte ordningar eller ikkje har mottakarar for sosialhjelp det aktuelle året, skal likevel sende inn Kostra-skjema for desse ordningane og krysse av på skjema at dei ikkje har nokon mottakarar. Dette for å unngå purring frå SSB.

Lenke til  SSB Kostra -innrapporteringsside

Treng du assistanse i samband med innrapporteringa, har SSB oppretta ei eiga brukarteneste. Tenesta er bemanna i perioden 4. januar - 15. april. Spørsmål kan stillast i e-post til:

kostra-support@ssb.no eller til tlf.nr. 62 88 51 70.

Meir informasjon om rapporteringa finn de i brev frå SSB innrapportering  av 2. november 2015, som er sendt kommunane og fylkeskommunane,  og innrapportering IKS frå same dato.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i brev av 2. november 2015 orientert om enkelte endringar i rapporteringsforskrifta, og presiseringar i funksjon og artar i kontoplanrettleiaren. Sjå brev frå KMD her.

 

Kontaktpersonar