Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje godkjent budsjett og økonomiplan i Bremanger

Bremanger kommunestyre sitt vedtak om årsbudsjett 2016 og økonomiplan 2016 - 2019 er ikkje godkjent fordi tidlegare underskot ikkje er dekt innan fristen på 10 år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.04.2016

Bremanger kommune er registrert i Robek-registeret og Fylkesmannen skal føre kontroll og godkjenne budsjett og låneopptak.

Etter rapporterte Kostra-tal for 2015 har kommunen eit akkumulert underskot pr. 31.12.2015 på 100,7 mill. kroner. Av dette skal 75,7 mill. kroner vere dekt innan 2018. Kommunen har budsjettert med ei inndekning på 50 mill. kroner for perioden 2016 – 2018. Underskotet frå 2014 på 25 mill. kroner skal dekkast innan 2021.

Kommunen må derfor innan 30. juni handsame og vedta budsjett 2016 og økonomiplan 2016 – 2019 på nytt, der og underskotet frå 2008 blir dekt innan 2018.

Fylkesmannen godkjenner låneopptak på 11,5 mill. kroner til fullfinansiering av Svelgen omsorgssenter. Godkjenning av andre låneopptak for 2015 og 2016 blir handsama når kommunen har fått godkjent budsjett og økonomiplan.

Brev til kommunen

Sjå relaterte dokument i menyen til høgre.