Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Flora kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Fylkesmannen godkjenner bystyret sitt vedtak for budsjett 2013 og økonomiplan 2013 - 2016. Låneopptak er godkjent med 72,050 mill. kroner. Av dette er 47 mill. kroner knytt til sjølvfinansierande tiltak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2013

Bystyret har godkjent eit drifts- og investeringsbudsjett i balanse. I 2013 er budsjettet saldert med innsparingstiltak på 15,8 mill. kroner. Med enkelte justeringar ligg det inne føresetnader om at innsparingstiltaka blir vidareført i økonomiplanen. Kommunen har budsjettert med ei inndekking på 7 mill. kroner av tidlegare års underskot. Førebels rekneskap for 2012 viser at kommunen kan dekkje inn heile underskotet på 15,9 mill. kroner.

Kommunen legg opp til eit investeringsbudsjett på 80,7 mill. kroner, der nye lån utgjer 72,050 mill., unytta lånemidlar 4 mill., overføring frå driftsrekneskapen 4 mill. og sal av eigedom kr 650 000.

Sjå brev til kommunen her Godkjenning av budsjett og økonomplan

Kontaktpersonar