Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Brev til kommunane om reformarbeidet

Fylkesmannen gir i brevet ei oppsummering av reformarbeidet så langt i år. Kommunane går no inn i sluttfasen med høyring av innbyggjarane og vedtak i kommunestyra.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.03.2016

Dette er det femte infobrevet til kommunane om kommunereforma.  Brevet gjev ei kort oppsummering av kommunanes reformarbeid sidan nyttår, status i kommunane pr. mars og kva som er viktig i prosessen framover.

Kommunane har gjort avklaringar på alternativ, slik at det no i sluttfasen er færre og meir realistiske fellesprosjekt med intensjonsavtalar. Slik det ser ut no blir det 22 kommunar som er med i ulike intensjonsavtalar, gjennomfører folkerøystingar eller oponionsundersøkingar framfor vedtak i kommunestyra innan 1. juli. Kommunane står no framfor høyring av innbyggjarane på konkrete alternativ for samanslåing, eller om kommunen skal halde fram åleine som i dag. For det siste blir det viktig at innbyggjarane får informasjon om korleis kommunen vil klare seg som eigen kommune i framtida. Dette blir og nødvendig informasjon for dei folkevalde når dei skal fatte sine vedtak og når Fylkesmannen skal gjere si tilråding til departementet og seinare eit grunnlag for endeleg vedtak av Stortinget.

Brevet til kommunane

 

Kontaktpersonar