Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Årdal kommune må vedta ny økonomiplan

Fylkesmannen har oppheva økonomiplanen 2013 - 2016 til Årdal kommune. Kommunestyret må derfor innan 15. juni vedta ein ny revidert økonomiplan.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.04.2013

Årdal kommunestyre har vedteke at det i tillegg til rådmannens investeringsoversyn blir innarbeidd investeringsrammer for bygging av ny avdeling ved Seimsdalen sjukeheim. Økonomiplanen for 2013 - 2016 er vedteken utan at det er greidd ut eller budsjettert med investeringsbeløp og driftskonsekvensar (drift, vedlikehald, kapitalutgifter) for denne investeringa. Økonomiplanen gir derfor ikkje eit fullstendig oversyn på sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden. Vedtaket er dermed ikkje i samsvar med kommunelova. Kommunestyret må innan 15. juni 2013 vedta ein revidert økonomiplan, der òg inndekning av akkumulert underskot per 31.12.2012 er lagt inn.

Les brevet til kommunen

Kontaktpersonar