Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Årdal kommune - godkjenning av budsjett

Årdal kommune sitt vedtak om budsjett 2016 og låneopptak på 4,1 mill. kroner er godkjent av Fylkesmannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.03.2016

Som følgje av at Årdal kommune er Robek-kommune skal Fylkesmannen føre lovlegkontroll av budsjettvedtak, godkjenne låneopptak og økonomiplan. Fylkesmannen har godkjent Årdal kommunestyre sitt vedtak om drifts- og investeringsbudsjett for 2016, økonomiplan 2016 - 2019 og låneopptak på 4,1 mill. kroner.

Eventuell utmelding av Robek vil skje etter at kommunestyret vedtek eit rekneskap der alt underskot er dekt inn.

Sjå brev til Årdal kommune.