Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kommuneøkonomi

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


03.06.2013

Årdal inn i Robek

Årdal kommune er no innmeldt i Robek (Register om betinga godkjenning og kontroll) etter Kommunelova § 60 nr. 1 d, vedteken plan for inndekning er ikkje følgd.

Sjå brev til kommunen: Årdal kommune - registrering i Robek

 


10.05.2013

Revidert nasjonalbudsjett 2013 og Kommuneproposisjon 2014

Fylkesmannen har utarbeida ein kortfatta oversikt på dei viktigaste endringane i kommuneopplegget for 2013 og 2014.


17.04.2013

Analyseverktøyet Kostra 2013 - Benchmarkmodellen

Versjon per 15.03.2013. Neste hovedoppdatering 15.06.2013. Kostra-tala er tilrettelagt for Sogn og Fjordane, etter at Fylkesmannen i Nord-Trøndelag har bearbeida materialet. 


05.04.2013

Årdal kommune må vedta ny økonomiplan

Fylkesmannen har oppheva økonomiplanen 2013 - 2016 til Årdal kommune. Kommunestyret må derfor innan 15. juni vedta ein ny revidert økonomiplan.


25.03.2013

Flora kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Fylkesmannen godkjenner bystyret sitt vedtak for budsjett 2013 og økonomiplan 2013 - 2016. Låneopptak er godkjent med 72,050 mill. kroner. Av dette er 47 mill. kroner knytt til sjølvfinansierande tiltak.


25.03.2013

Bremanger kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Fylkesmannen godkjenner Bremanger kommunestyre sitt vedtak for budsjett 2013 og økonomiplan 2013 - 2016. Låneopptak er godkjent med 12,3 mill. kroner.


20.03.2013

Vik kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Vik kommune sitt vedtak for økonomiplan 2013 - 2016 og budsjett for 2013 er godkjent av Fylkesmannen. Låneopptak er godkjent med 16,2 mill. kroner. 


10.10.2012

Statsbudsjettet 2013 - Sogn og Fjordane

Kommunane i fylket får ein vekst i frie inntekter som samla ligg under landsgjennomsnittet.