Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kommuneøkonomi

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


07.03.2014

Lærdal kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Lærdal kommune sitt vedtak for budsjett for 2014 og økonomiplan 2014 – 2017 er godkjent av Fylkesmannen. Låneopptak er godkjent med  6,7 mill. kroner.


10.01.2014

Økonomiplanlegging i kommunane

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga ein rettleiar for økonomiplanlegginga i kommunane.


03.01.2014

KOSTRA-rapportering for 2013

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til SSB innan 15. februar 2014.


13.12.2013

Kommunale næringsfond etter vasskraftsaker - delegering for disponering av midlar til kommunalt organ

Kommunal- og regionaldepartementet har gjeve ut standardvedtekter for kommunale næringsfond i vasskraftsaker.


29.10.2013

Skjønnsmidlar 2013 - fordeling av tidlegare avsette midlar

Fylkesmannen har fordelt tildlegare avsette skjønnsmidlar for 2013. Fem kommunar har til saman fått tildelt 6,6 mill. kroner.


21.08.2013

Nye folketal per 1. juli 2013

Statistisk sentralbyrå har publisert nye folketal per 1. juli 2013. 


06.08.2013

Analyseverktøyet Kostra per 15.06.2013.

Kostra-tala er tilrettelagt for Sogn og Fjordane, etter at Fylkesmannen i Nord-Trøndelag har bearbeida materialet. Neste hovudoppdatering 15.03.2014.


09.07.2013

Flora kommune meldt ut av Robek

Kommunen har dekt inn tidlegare års underskot og kan derfor meldast ut av Robek-registeret.


08.07.2013

Lærdal kommune inn i Robek

Lærdal kommune blir meldt inn i Robek fordi kommunestyret har vedteke å fastsette ein økonomiplan utan at alle utgifter er dekte inn på økonomiplanen.


08.07.2013

Årdal kommune - utviding av Robek-vedtak

Det opphavlege vedtaket  frå 23. mai 2013 om innmelding av Årdal kommune i Robek er utvida.