Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kommuneøkonomi

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


25.08.2014

Askvoll kommune inn i Robek

Askvoll blir meldt inn i Robek av di planen for inndekking av underskot frå 2012 ikkje vart følgt opp.


12.08.2014

Analyseverktøyet Kostra per 15.06.2014

Kostra-tala er tilrettelagt for Sogn og Fjordane, etter at Fylkesmannen i Nord-Trøndelag har bearbeida materialet. Neste hovudoppdatering er 15.03.2015.


17.07.2014

Selje kommune inn i Robek

Selje blir meldt inn i Robek fordi planen for inndekning av underskotet frå 2012 ikkje vart følgt opp, og kommunen må bruke meir enn to år til å dekkje underskota frå 2012 og 2013.

 


16.07.2014

Bremanger kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Fylkesmannen har godkjent revidert budsjett og økonomiplan 2014 - 2017 for Bremanger kommune.


02.07.2014

Høyanger kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Fylkesmannen har godkjent revidert budsjett og økonomiplan frå Høyanger kommune.


22.04.2014

Analyseverktøyet Kostra 2014 - Benchmarkmodellen

Analyseverktøyet kan nyttast av alle som har behov for rask tilgang til ferdigdefinerte analysar av kostratal. Versjon per 15.03.2014. Neste hovudoppdatering vert 15.06.2014.


13.03.2014

Høyanger kommune inn i Robek

Høyanger kommune blir meldt inn i Robek fordi kommunestyret har vedteke å fastsette ein økonomiplan utan at alle utgifter er dekte inn på økonomiplanen.


07.03.2014

Bremanger kommune – kontroll av budsjett og økonomiplan

Fylkesmannen godkjenner budsjettet for 2014, men kommunen må handsame økonomiplanen 2014 – 2017 på nytt. Godkjenning av låneopptak blir handsama når økonomiplanen er godkjent.


07.03.2014

Vik kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Vik kommune sitt vedtak for økonomiplan 2014 - 2017 og budsjett for 2014 er godkjent av Fylkesmannen. Låneopptak er godkjent med 11,8 mill. kroner.


07.03.2014

Årdal kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Årdal kommune sitt vedtak om budsjett 2014 og økonomiplan 2014 - 2017 er godkjent av Fylkesmannen. Låneopptak er godkjent med 3,5 mill. kroner i 2014.