Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kommuneøkonomi

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


08.04.2015

Bremanger kommune – kontroll av årsbudsjett 2015 og økonomiplan 2015 – 2018

Bremanger kommunestyre sitt vedtak av årsbudsjett 2015 og økonomiplan 2015 – 2018 er ikkje godkjent med årsak i at det manglar ein plan med løyvingar for inndekning av tidlegare års meirforbruk.


08.04.2015

Bremanger kommune – lovlegkontroll av vedtak om endring av årsbudsjettet for 2014

Fylkesmannen har vedteke at kommunestyret sitt vedtak i sak 60/14 om endring av årsbudsjettet for disponering av eingongskompensasjon for framtidige heimfallsinntekter er ugyldig og blir oppheva. Saka må handsamast på nytt av kommunestyret.


24.03.2015

Vik kommune med godkjent budsjett

Vik kommune sitt vedtak om budsjett 2015 med låneopptak på 40,2 mill. kroner er godkjent av Fylkesmannen.


03.03.2015

Årdal kommune - godkjenning av budsjett

Årdal kommune sitt vedtak om budsjett 2015 og låneopptak på 6,7 mill. kroner er godkjent av Fylkesmannen.


03.03.2015

Selje kommune - godkjenning av budsjett

Selje kommune sitt vedtak om budsjett 2015 og låneopptak på 1,2 mill. kroner er godkjent av Fylkesmannen.


03.03.2015

Askvoll kommune med godkjent budsjett

Askvoll kommune sitt vedtak om budsjett 2015 er godkjent av Fylkesmannen. Låneopptak er godkjent med 12 mill. kroner i 2015.


03.03.2015

Høyanger kommune med godkjent budsjett

Som følgje av at Høyanger kommunen er Robek-kommune, skal fylkesmannen føre lovlegkontroll av budsjettvedtak og godkjenne låneopptak.


02.03.2015

Lærdal kommune ut av Robek

Fylkesmannen har godkjent Lærdal kommune sitt vedtak om budsjett 2015 og økonomiplan 2015-18. Kommunen vert derfor meldt ut att av Robek-registeret.


05.12.2014

KOSTRA-rapportering 2014

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til SSB innan 16. februar 2015.


29.10.2014

Fordeling av skjønnsmidlar til kommunane

Fylkesmannen har fordelt tidlegare avsette skjønnsmidlar for 2014. Fem kommunar har til saman fått tildelt 4,1 mill. kroner.