Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kommuneøkonomi

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


05.11.2015

Bremanger kommune - kontroll av revidert budsjett og økonomiplan

Fylkesmannen godkjenner ikkje Bremanger kommunestyre sitt vedtak av revidert årsbudsjett 2015 og økonomiplan 2015 – 2018. Grunnen er at det er budsjettert for høge inntekter i 2015 og det er uavklart om budsjettert utbytte frå eit holdingselskap kan førast som driftsinntekter.


26.10.2015

Fordeling av skjønnsmidlar til kommunane

Fylkesmannen har fordelt tidlegare avsette skjønnsmidlar for 2015. Tre kommunar har fått tildelt til saman 1,9 mill. kroner.


04.09.2015

Korleis oppfattar ordførarane og rådmennene Fylkesmannen?

Hovudinntrykket frå ei fersk undersøking er at ordførarane og rådmennene i Sogn og Fjordane har eit positivt bilete av Fylkesmannen, men at vi kan bli betre på nokre område.


21.08.2015

Sogn og Fjordane har lik folketalsvekst som Oslo i andre kvartal 2015

Nye folketal frå SSB per 1. juli 2015 viser at Sogn og Fjordane har ein folkevekst midt på treet blant fylka.


07.07.2015

Gaular kommune inn i Robek

Gaular blir meldt inn i Robek fordi planen for inndekking av meirforbruk frå 2012 ikkje vart følgt opp, og kommunen må bruke meir enn to år til å dekkje inn underskotet.


02.07.2015

Kostra - benchmarkmodell per 15. juni 2015

Kostra-tala frå SSB er tilrettelagt for kommunane i Sogn og Fjordane, etter at Fylkesmannen i Nord-Trøndelag har bearbeida materialet. Tala er endelege tal per 15. juni 2015.


30.06.2015

Askvoll kommune - utmelding av Robek

Askvoll kommune er meldt ut av Robek (Register for betinga godkjenning og kontroll)


01.06.2015

Høyanger kommune - utmelding av Robek

Høyanger kommune er meldt ut av Robek (Register for betinga godkjenning og kontroll)


22.04.2015

Kostra -benchmarkmodell per 15. mars 2015

Kostra-tala frå SSB er tilrettelagt for kommunane i Sogn og Fjordane, etter at Fylkesmannen i Nord-Trøndelag har bearbeida materialet. Neste hovudoppdatering er 15. juni.


22.04.2015

Låg skattevekst for kommunane i Sogn og Fjordane

Ni av kommunane i fylket har vekst over landsgjennomsnittet og 17 av kommunane har vekst lågare enn landsgjennomsnittet. Seks av desse kommunane har i tillegg redusert skatteinngang samanlikna med 2014.