Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kommuneøkonomi

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


14.04.2016

Ikkje godkjent budsjett og økonomiplan i Bremanger

Bremanger kommunestyre sitt vedtak om årsbudsjett 2016 og økonomiplan 2016 - 2019 er ikkje godkjent fordi tidlegare underskot ikkje er dekt innan fristen på 10 år.


30.03.2016

Vik kommune med godkjent budsjett

Vik kommune sitt vedtak om budsjett 2016 med låneopptak på 59,2 mill. kroner er godkjent av Fylkesmannen.


17.03.2016

Selje kommune - godkjenning av budsjett

Fylkesmannen har godkjent Selje kommune sitt vedtak om budsjett for 2016, og låneopptak på 7,1 mill. kroner.


15.03.2016

Kostra-tal per 15. mars

Godt nytt: 25 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har rapportert rekneskapsresultat  til SSB innan fristen. 


04.03.2016

Brev til kommunane om reformarbeidet

Fylkesmannen gir i brevet ei oppsummering av reformarbeidet så langt i år. Kommunane går no inn i sluttfasen med høyring av innbyggjarane og vedtak i kommunestyra.


02.03.2016

Årdal kommune - godkjenning av budsjett

Årdal kommune sitt vedtak om budsjett 2016 og låneopptak på 4,1 mill. kroner er godkjent av Fylkesmannen.


24.02.2016

Bremanger kommune fekk lenger tid til å dekkje inn underskot

Kommunen søkte om tre år ekstra, og fekk søknaden delvis innvilga. Underskota som oppstod i 2007 og 2008 må dekkast innan 2017 og 2018. Underskotet på 25 mill. kroner i 2014 må dekkast inn over sju år, innan utgangen av 2021.


17.12.2015

Framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Framlegget legg opp til at kommunar framleis skal få kompensasjon for utgifter med årsak i lange reiseavstandar som følgje av spreidd busetnad. Kommunar med korte reiseavstandar til nabokommunar og som frivillig vel å stå åleine, vil få lågare tilskot enn i dag. Ein større del av tilskota skal kome pr. innbyggjar, og noko mindre pr. kommune.

 


15.12.2015

Ekstra skjønstilskot til seks kommunar i Sogn og Fjordane

Etter tilråding frå Fylkesmannen har Kommunal og moderniseringsdepartementet fordelt 2,6 millioner kroner til seks kommunar med store flyktningekostnader.


17.11.2015

KOSTRA-rapportering 2015

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til SSB (Statistisk sentralbyrå) innan 16. februar 2016.