Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kommuneøkonomi

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


19.08.2016

Framleis god folketalsvekst i fylket

Tal frå Statistisk Sentralbyrå for 2. kvartal viser at Sogn og Fjordane hadde ein folketalsvekst på 0,275 prosent, og såleis den høgaste veksten av vestlandsfylka.


18.08.2016

Naustdal kommune inn i Robek

Naustdal kommune er meldt inn i Robek fordi underskotet frå 2013 ikkje vart dekt inn innan 31.12.15.


08.07.2016

Gloppen kommune inn i Robek

Gloppen kommune blir meldt inn i Robek avdi økonomiplanen for 2016 - 2019 er vedteken utan at det er dekning for alle utgifter og oppgåver som er førte opp i planen. 


09.06.2016

Vik og Årdal - utmelding av Robek

Vik kommune og Årdal kommune er meldt ut av Robek (Register for betinga godkjenning og kontroll)


24.05.2016

Oppsummering av kommunekonferansen 2016 i Balestrand

Presentasjonar frå kommunekonferansen 19. og 20. mai.


19.05.2016

Framleis folkevekst i Sogn og Fjordane

Tala for første kvartal 2016 viser at vi vart 0,085 prosent fleire fjogningar. Fylket vårt ligg som nr. 11 av 19 av fylka i prosentvis vekst, og faktisk hårfint over Vestfold.


13.05.2016

Revidert nasjonalbudsjett 2016 og kommuneproposisjon 2017

Regjeringa la fram forslag til revidert nasjonalbudsjett 2016 og kommuneproposisjon for 2017 onsdag den 11. mai. 


12.05.2016

Deltakarrekord på kommunekonferansen

Nær 100 deltakarar samlast til den årlege kommunekonferansen i Balestrand 19.-20. mai. Alle kommunar i fylket møter opp, i tillegg til fleire avgjerdstakarar frå kommunal og statleg leiing i fylket vårt.


29.04.2016

Nytt inntektssystem for kommunane

Regjeringspartia og Venstre på Stortinget har inngått ein avtale om nytt inntektssystem for kommunane.


28.04.2016

Gaular kommune - godkjenning av budsjett 2016

Fylkesmannen har godkjent Gaular kommune sitt vedtak om budsjett for 2016, og låneopptak på 19,5 mill. kroner.