Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kommuneøkonomi

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


10.11.2017

Vi må bu oss på "eldrebølgja"

Endringar i befolkninga har mykje å seie for korleis ein kommune skal planlegge og prioritere framtida med omsyn til tenester og investeringar. Les blogginnlegget frå Kåre Træen på Fylkesmannsbloggen. 


03.07.2017

Gaular kommune er ute av Robek

Gaular kommune er meldt ut av Robek etter at kommunestyret har handsama og vedteke årsrekneskapen for 2016.


30.06.2017

Selje kommune ut av Robek

Selje kommune blir meldt ut av Robek etter at kommunestyret har handsama og vedteke årsrekneskapen for 2016.


19.05.2017

Presentasjonar frå kommunekonferansen i Loen 2017

Årets kommunekonferanse er over og vi takkar alle innleiarar for deltaking og gode bidrag. Takk også til dykk som i ei travel tid prioriterte å delta på denne samlinga!


11.05.2017

Kommuneøkonomi for folk flest

Arbeidet mitt med kommuneøkonomi hjå Fylkesmannen har lært meg at ingen kommunar er heilt like, skriv seniorrådgjevar Marit Lunde i sin kronikk. 


15.03.2017

Bremanger med godkjent budsjett og økonomiplan

Bremanger kommune sitt vedtak om budsjett for 2017 med låneopptak på 10 mill. kroner er godkjent av Fylkesmannen.


14.03.2017

Gloppen kommune - utmelding av Robek

Gloppen kommune blir meldt ut av Robek etter at kommunestyret har vedteke økonomiplan for 2017 - 2020 i balanse.


06.12.2016

Kostra-rapportering 2016

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 15. februar 2017.


19.10.2016

Bremanger kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Bremanger kommune sitt vedtak om revidert budsjett 2016 med låneopptak på 3 mill. kroner i Husbanken er godkjent av Fylkesmannen.


12.10.2016

Fordeling av tidlegare avsette skjønnsmidlar

I tildeling av skjønnsmidlar for 2016 vart det sett av ein sum på kr 9 970 000 til seinare fordeling. Av dette er 4,3 mill. kroner utbetalt til kommunane som fornyingsmidlar.