Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kommuneøkonomi

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 11.12.2018

Kostra-rapportering for 2018

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 15. februar 2019.


Publisert 16.11.2018

Kommunegjelda – «det er nok nå!»

– Det har alltid vore slik at god økonomisk planlegging over tid løner seg, medan det er krevjande å rydde opp i raude rekneskapstal etter feilslått planlegging, skriv seniorrådgjevar Kåre Træen på Fylkesmannsbloggen. Her kan du lese heile innlegget hans om kommunegjelda i fylket.


Publisert 11.07.2018

Naustdal kommune er ute av Robek

Naustdal kommune er meldt ut av Robek etter at kommunestyret har handsama og vedteke årsrekneskapen for 2017.


Publisert 23.05.2018

Revidert nasjonalbudsjett 2018 og kommuneproposisjonen 2019

Med bakgrunn i proposisjonen har vi laga eit samandrag over dei viktigaste økonomiske momenta i kommuneopplegget for 2018 og 2019.


Publisert 04.04.2018

Kommunekonferanse i Balestrand - 23. og 24. mai 2018

Fylkesmannen vil også i år invitere til kommunekonferanse, denne gang i Balestrand, på Kviknes Hotel. 


Publisert 04.04.2018

Ikkje godkjent budsjett og økonomiplan i Bremanger

Bremanger kommunestyre sitt vedtak om budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 er ikkje godkjent som følgje av manglande inndekning av akkumulert underskot etter kommunelova.


Publisert 06.03.2018

Naustdal kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Naustdal kommune sitt vedtak om budsjett for 2018 med låneopptak på 48,2 mill. kroner er godkjent av Fylkesmannen.


Publisert 02.01.2018

Stortingsvedtak om rammetilskot

Stortinget vedtok den 18. desember 2017 endeleg rammetilskot for kommunar og fylkeskommunar i 2018.


Publisert 12.12.2017

Kostra-rapportering 2017

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 15. februar 2018.


Publisert 16.11.2017

Lovlegkontroll av budsjett og økonomiplanar

Fylkesmannen kan overprøve avgjerder gjort av kommunale folkevalde organ for å sikre at dei ikkje er ulovlege. Dersom vi meiner det er gjort eit ugyldig vedtak, skal vi oppheve det.