Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Utlysing av midlar til første runde i 2014

Det er sett av 7,5 millionar kroner i 2014 til fornying og innovasjon i offentleg sektor. Søknadsfrist for første runde er 15. januar 2014.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.11.2013

Prosjekt som ligg innafor ein eller fleire av desse områda blir prioriterte:

1. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald

2. Samfunnsutvikling og lokaldemokrati, til dømes på desse områda:

  • Interkommunalt planarbeid, mellom anna med vekt på folkehelse
  • Samfunnstryggleik og beredskap gjennom kommunesamarbeid og med andre
  • Integrering og rekruttering
  • Velferdsteknologi

3. Etikk, styrka eigenkontroll og heilskapleg styringssystem

4. Tverrfagleg samarbeid mellom tenester for barn og unge

Sjå nærare orientering i vedlagte notat om fornying og innovasjon i offentleg sektor – utlysing av midlar i 2014.

Søknadsfrist for første runde er 15. januar 2014.