Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Utlysing av fornyingsmidlar 2015

Fylkesmannen har sett av til saman 6 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2015 til fornying og innovasjon i offentleg sektor.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.11.2014

Det vert berre ei utlysing av fornyingsmidlar i 2015, og søknadsfristen er sett til 1 mars.

Prosjekt som ligg innanfor eit eller fleire av desse områda vil bli prioriterte:

1. Utgreiing av kommunereform - med grunnlag i kriterium utarbeidd i samråd med                      referansegruppa for kommunereforma i fylket (kjem særskilt informasjon seinare)
2. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald
3. Samfunnsutvikling og lokaldemokrati, til dømes på desse områda:
     - Planarbeid, mellom anna med vekt på folkehelse
     - Integrering og rekruttering
     - Velferdsteknologi
4. Tverrfagleg samarbeid mellom tenester for barn og unge

Nedanfor finn du brev til kommunane med nærare orientering om fornying og innovasjon i offentleg sektor for 2015. Søknadsskjema finn du i menyen til høgre. 

Søknadsfrist : 1 mars

Brev til kommunane.

 Utgreiing av kommunereforma