Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tildeling av tilskot til fornying og innovasjon 2016

Fylkesmannen sette av 5 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2016 til kommunale fornyingsprosjekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.08.2016

I 2016 har vi hatt ei utlysning med frist 1. mars, og det vart teke i bruk ny database for søknad og tildeling av prosjektskjønn.  Totalt kom det inn 29 søknader, og det vart tildelt midlar til 12 av desse. Samla søknadssum var på ca. 13 mill. kroner. Utval for fornying i offentleg sektor vedtok å tildele prosjektmidlar for kr 3 327 000 og tilskot til deltaking i Robek-nettverk for enkeltkommunar for kr 953 000. I tillegg vart det sett av inntil kr 260 000 til kommunereform for ungdom.

Føringar for midlane i 2016 var:
- Kommunale tenester til asylsøkjarar og busetjing og integrering av flyktningar
- Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald
- Samfunnsutvikling og lokaldemokrati, til dømes på desse områda:
          - planarbeid, mellom anna med vekt på folkehelse
          - rekruttering
          - velferdsteknologi
- Tverrfagleg samarbeid mellom tenester for barn og ungdom

 

Sjå: Tildelingsliste fornyingsmidlar 2016