Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tildeling av tilskot til fornying og innovasjon 2015

Utval for fornying i offentleg sektor har for 2015 løyvd til saman 7 mill. kroner fordelt på 22 prosjekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.04.2015

Totalt kom det inn 27 søknader. 8 søknader om utgreiing av kommunereform og 19 søknader om fornying og innovasjonsprosjekt. Samla søknadssum var på ca. 13 mill. kroner. Utvalet vedtok å fordele skjønnsmidlane med kr 3 970 000 til kommunereform og kr 3 030 000 til fornying og innovasjon.

Føringar for midlane i 2015 var:

1. Utgreiing av kommunereform - med grunnlag i kriterium utarbeidd i samråd med referansegruppa for kommunereforma i fylket
2. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald
3. Samfunnsutvikling og lokaldemokrati, til dømes på desse områda:
- Planarbeid, mellom anna med vekt på folkehelse
- Integrering og rekruttering
- Velferdsteknologi
4. Tverrfagleg samarbeid mellom tenester for barn og unge

Sjå: Tildelingsliste fornyingsmidlar 2015

 

Kontaktpersonar