Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tildeling av tilskot til fornying 2. runde 2013

I andre søknadsrunde 2013 løyvde utval for fornying i offentleg sektor tilsaman 3,2 mill. kroner fordelt på 10 prosjekt.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.07.2013

Totalt kom det inn 19 søknader i denne runden. Kr 3 230 000 vart fordelt med kr 2 180 000 i skjønnsmidlar og kr 1 050 000 i fylkeskommunale utviklingsmidlar.

Utval for fornying har i 2013 prioritert prosjekt som har lege innanfor eit eller fleire av desse områda:

  1. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald
  2. Samfunnsutvikling og lokaldemokrati innanfor desse områda:
    • Interkommunalt planarbeid
    • Samfunnstryggleik og beredskap gjennom kommunesamarbeid og med andre  
    • Integrering og rekruttering
  3. Etikk, styrka eigenkontroll og heilskapleg styringssystem
  4. Samhandlingsreforma
  5. Tverrfagleg samarbeid mellom tenester for barn og unge

 

Sjå: Tildeling av midlar i andre runde 2013