Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tildeling av tilskot til fornying 1. runde 2014

I fyrste runde 2014 løyvde utval for fornying i offentleg sektor tilsaman 3,6 mill. kroner fordelt på 14 prosjekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.03.2014

Totalt kom det inn 19 søknader i denne runden. Kr  3 627 000 i skjønnsmidlar vart fordelt. Total ramme for fordeling i 2014 er 5,5 mill. kroner.

Utval for fornying har prioritert prosjekt som har lege innanfor eitt eller fleire av desse områda:
1. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald 
2. Samfunnsutvikling og lokaldemokrati, til dømes på desse områda:
   - Interkommunalt planarbeid, mellom anna med vekt på folkehelse
   - Samfunnstryggleik og beredskap gjennom kommunesamarbeid og med
      andre
   - Integrering og rekruttering
   - Velferdsteknologi
3. Etikk, styrka eigenkontroll og heilskapleg styringssystem
4. Tverrfagleg samarbeid mellom tenester for barn og unge

Sjå: Vedtak om tildeling 1 runde 2014