Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tildeling av tilskot til fornying 1. runde 2013

I første søknadsrunde 2013 løyvde utval for fornying i offentleg sektor tilsaman 3,5 mill. kroner fordelt på 14 prosjekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2013

For 2013 utgjer ramma totalt 7,3 mill. kroner, fordelt med skjønnsmidlar på 5,2 mill. kroner og fylkeskommunale utviklingsmidlar på 2,1 mill. kroner.

I første søknadsrunde vart det tildelt skjønnsmidlar for kr 2 574 500 og fylkeskommunale utviklingsmidlar for kr 875 000. Det kom inn 15 søknader, 14 fekk tildelt midlar på til saman         kr 3 449 500.

Utval for fornying prioriterer prosjekt som ligg innanfor eit eller fleire av desse områda:

  1. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald
  2. Samfunnsutvikling og lokaldemokrati gjennom samarbeid mellom kommunar,  med næringsliv og frivillige organisasjonar innanfor desse områda:
     -interkommunalt samarbeid
     -samfunnstryggleik og beredskap*
     -integrering og rekruttering
  3. Etikk, styrka eigenkontroll og heilskapleg
  4. Samhandlingsreforma

 

 * Med andre er her særskilt tenkt på politiet og organisasjonar som Raudekrossen. Aktuelle tema kan vere samarbeid om heilskapleg ROS-analyse, beredskapsplanverk og nye øvingskonsept. Prosjekt som er nyskapande (nye måtar å øve på, samarbeide internt og eksternt og inkludere beredskap i andre sektorar) og har overføringsverdi til andre kommunar, blir prioriterte.

Prosjekt Sjumilssteget kjem med i utlysinga for 2. runde 2013.

Sjå : Tildeling etter første runde 2013