Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Avslutning på samarbeidet om fornying og omstilling i offentleg sektor

Fylkesmannen og fylkeskommunen har sidan 2007 hatt eit samarbeid om tilskotsmidlar til fornying og omstilling i  kommunane. Totalt er det delt ut 65 mill. kroner i tilskot, fordelt på 150 prosjekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.12.2013

Fylkesmannen har i sum tildelt skjønnsmidlar til fornyingsprosjekt med 45 mill. kroner og fylkeskommunen 20 mill. kroner. Samarbeidet har vore viktig for gjennomføring av gode og nødvendige tiltak innan fornying og omstilling i kommunane.

 Fylkeskommunen avviklar frå 2014 sin del av ordninga. Fylkeskommunen gjer dette fordi rammene til regional utvikling vart vesentleg reduserte i statsbudsjettet til den nye regjeringa. Kutta er for store til at fylkeskommunen maktar å kompensere dei på eiga hand.

Fylkesmannen held fram med ordninga, og har sett av 5 mill. kroner for 2014.