Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Sjukeheimstilbodet i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen har kartlagt sjukeheimstilbodet i fylket. Resultata viser mellom anna at dei fleste institusjonspasientar får einerom, men nokre få kommunar har utfordringar med overbelegg. Det kjem òg fram at kommunane bør førebu seg på auka behov for heildøgers omsorgstenester i åra som kjem. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.11.2018

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har kartlagt sjukeheimstilbodet i kommunane i fylket i 2018. 23 av 26 kommunar har svara på kartlegginga.


Kommunane har tilbod om einerom til institusjonspasientar. Fleire av kommunane har rom som er tilrettelagt som dobbeltrom eller tre-mannsstover. Desse romma vert nytta til ulike korttids- og avlastingsopphald, til pasientar som har vore innlagt ved KAD og til utskrivingsklare pasientar frå sjukehus.


Nokre få kommunar har utfordringar med stort overbelegg og plassering av to pasientar på rom som ikkje er tilrettelagt for fleire pasientar. Ved overbelegg brukar kommunane også andre rom som stove og korridor til pasientrom, jf. tabell 1-6.


Kommunen har ansvar for å yte nødvendige helse- og omsorgstenester til alle som har opphald i kommunen, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1. I dette ligg mellom anna at kommunen skal kunne tilby plass i institusjon, mellom anna sjukeheim, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd pkt. 6.c.


Resultatet frå kartlegginga kan tyde på at dei aller fleste kommunane har eit institusjonstilbod som dekkjer dagens behov. Kommunen har i dag ikkje lovfesta plikt til å berre nytte enkeltrom. Somme ønskjer å bu på dobbeltrom, til dømes ektefellar. Men det er likevel slik at kommunen skal legge til rette for å tilby eldre som får plass på institusjon enkeltrom, jf. verdigheitsforskrifta § 3 første ledd bokstav h.


Pasientar med behov for institusjonsplass er ofte pasientar med redusert helsetilstand og omfattande hjelpebehov. Vi meiner det er dårleg kvalitet på tenestetilbodet og ein risiko for pasienttryggleiken dersom alvorleg sjuke pasientar vert plassert saman med andre på pasientrom som ikkje er tilrettelagt for fleire pasientar, på stover og i korridor. Det kan tyde på dårleg styring. Det kan også innebere uforsvarlege helse- og omsorgstenester.


Den demografiske utviklinga fører til at talet på eldre og delen eldre i befolkninga vil auke vesentleg i åra som kjem. Behovet for heildøgers omsorgstilbod vil dermed også auke. Endringar i spesialisthelsetenestene fører til at fleire alvorleg sjuke med omfattande hjelpebehov skal følgjast opp i kommunane. Fylkesmannen ber kommunane kartlegge eigen situasjon og framtidige behov for heildøgers omsorgstenestetilbod, planlegge og setje i verk nødvendige tiltak ut frå dette. 

Investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar

Ny kvalitetsreform: Meld. St. nr. 15 (2017-2018) Leve hele livet