Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Uforsvarleg behandling av barn med pustevanskar og luftvegsinfeksjon

Vi har konkludert i tilsynssak som gjeld klage på helsehjelp til eit barn under eitt år som var innlagt på Barneavdelinga Førde sjukehus med bronkiolitt grunna RS-virus-infeksjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.06.2017

Pasienten vart innlagt etter fleire dagar med sjukdom. Avdelinga nytta mellom anna eit varslingsverktøy som indikerte tilstanden til pasienten. Tilstanden til pasienten vart jamt forverra frå innlegging til eit tidspunkt då forverringa gjekk raskare. Behandlinga av pasienten vart ikkje intensivert i samsvar med klinisk forverring og rutinane i varslingssystemet. Pasienten var på eit tidspunktet så dårleg at vi meiner det var uforsvarleg å ikkje gjere større endringar i pågåande behandling. Barnet vart sidan overført til regionsjukehus.

Vi har vurdert at bemanningssituasjonen på avdelinga var forsvarleg.