Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Helse Førde braut krav til rutinar for medikamenthandtering

Ein eldre mann med hjertesjukdom fekk ikkje medisinen som var forordna i rett tid. Helse Førde får kritikk for ikkje å ha gitt forsvarleg helsehjelp til pasienten.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.04.2015

Ein eldre mann vart lagt inn på lokalsjukehus med hjertesjukdom. Etter nokre dagar vart pasienten dårlegare og det vart ordinert intravenøs medisin. Trass i at dette hasta, vart ikkje medisineringa effektuert før pasienten døydde etter halvannan time. Helse Førde meldte sjølv saka som varselssak til Statens helsetilsyn.

Fylkesmannen har gått gjennom hendingsforløpet som tilsynssak og konkluderte at føretaket sine rutinar for ordinasjon og medikamenthandtering ikkje var tilstrekkeleg klare, slik lova krev.

Det er ikkje gitt at den påviste svikten er direkte årsak til at pasienten døyde. Vi har pålagt Helse Førde å gjennomgå desse og melde tilbake til Fylkesmannen.