Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Trus- og livssynssamfunn

Trus- og livssynssamfunn kan krevje tilskot frå staten. Ny trussamfunnslov stiller krav om minst 50 tilskotsteljande medlemmer og gir utbetaling av eitt offentleg tilskot (i staden for eit statleg tilskot og eit kommunalt tilskot). Alle nye trus- og livssynssamfunn må dessutan registrere seg før dei kan få tilskot.

Trus- og livssynssamfunn skal bruke ei ny digital løysing til å sende inn søknad om registrering, krav om tilskot, årsrapportar, rekneskap, søknader om godkjenning av vigslar. Alle trus- og livssynssamfunn må ha ein godkjend tilgang for å kunne bruke løysinga. Ein person som representerer samfunnet, søkjer om tilgang. Årleg frist for å krevje tilskot er 1. mars. 

For samfunn som er registrerte og/eller har fått tilskot, gjeld overgangsreglane i den nye lova. Desse samfunna blir rekna som registrerte i to år, frå og med 1. januar 2021. Dei vil kunne få tilskot i overgangsperioden dersom dei har minst 50 tilskotsteljande medlemmer. Godkjende forstandarar og seremonileiarar kan vere vigslarar etter ekteskapslova så sant trus- og livssynssamfunn har mynde til å vigsle. 

Satsen som blir brukt til å rekne ut statstilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2021, er 1.310 kroner per medlem.

Tidlegare behandla alle embeta saker om registrering og tilskot til trus- og livssynssamfunn. Frå og med januar 2021 skal berre to instansar behandle sakene. Statsforvaltaren i Oslo og Viken behandlar saker som gjeld samfunn i Oslo og Viken. Samfunna med adresse utanfor Oslo og Viken høyrer inn under Statsforvaltaren i Agder.

Sjå meir informasjon om ordninga og bruk av den digitale løysinga i brukarrettleiinga for trus- og livssynssamfunn.

Vis meir


Publisert 12.03.2018

Tilskot til private kyrkjebygg 2018

Fristen for å sende søknad til Kulturdepartementet om tilskot til privateigde kyrkjebygg er sett til 15. juni 2018.


Publisert 13.02.2018

Søknad om tilskot til trus- og livssynssamfunn 2018

Frist for å sende inn krav er 1. mars 2018.


Publisert 19.12.2017

Statstilskot til trus- og livssynssamfunn

Fylkesmannen har utbetalt 781 488 kroner i statstilskot til elleve trussamfunn i 2017. Dette er ei auke på nær 200 000 kroner samanlikna med fjoråret.


Publisert 25.04.2017

Sats for statstilskot til trus- og livssynssamfunn 2017

Satsen for statstilskot 2017 er 538 kroner per medlem.


Publisert 11.01.2017

Statstilskot til trus- og livssynssamfunn i 2016

Fylkesmannen har utbetalt 595 192 kroner i statstilskot til trussamfunn i Sogn og Fjordane i 2016. Til saman 12 trussamfunn har fått tilskot. 


Publisert 28.04.2016

Sats for statstilskot 2016

Satsen for statstilskot 2016 er 472 kroner per medlem.


Publisert 28.04.2016

Tilskot til privateigde kyrkjebygg

Fristen for å sende søknad til Kulturdepartementet om tilskot til privateigde kyrkjebygg er sett til 15. juni 2016.


Publisert 02.02.2016

Tilskot til trus- og livssynssamfunn 2016

Frist for å sende inn krav om statleg og kommunalt tilskot er sett til 10. mars 2016.


Publisert 15.05.2015

Sats for statstilskot 2015

Satsen for statstilskot 2015 er 486 kroner per medlem.


Publisert 01.04.2015

Tilskot til privateigde kyrkjebygg

Fristen for å sende søknad til Kulturdepartementet om tilskot til privateigde kyrkjebygg er sett til 1. juni 2015.


Driftsmelding

Innkjøringsproblemer med den nye trossamfunnsportalen gjør at det er forsinkelser i utbetalingen av tilskudd for 2021. Vi beklager forsinkelsen. 

Hjelp til innlogging

For å logge inn på den digitale løysinga trykker du på knappen «Digital løysing for trus- og livssynssamfunn». Trykk deretter på knappen «Logg inn» øvst i høgre hjørne for å komme vidare til ID-porten.