Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fri rettshjelp

Oppdatert 10.01.2022

I nokre typar saker kan du få økonomisk støtte til juridisk rådgiving eller støtte til å føre ei rettssak for domstolane. Bruk rettshjelpskalkulatoren vår for å finne ut om du kan ha rett på fri rettshjelp. Ta kontakt med Statsforvaltaren eller ein advokat for å få fri rettshjelp.

Fri rettshjelp er advokathjelp som heilt eller delvis blir dekt av staten. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri sakførsel. Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang. Fri sakførsel er rettshjelp i saker som går for domstolane.

I kva typar saker kan du få fri rettshjelp?

Døme på saker der du kan få fri rettshjelp, er familiesaker, visse typar klagesaker til Nav, erstatning for personskade, oppseiing/utkasting frå bustad eller oppseiing i arbeidsforhold. Du kan også få fri rettshjelp dersom du søkjer om valdsoffererstatning. Også i andre saker er det unntaksvis mogleg å få fri rettshjelp. Dersom du har forsikring som dekkjer utgifter til juridisk hjelp, vil du som regel ikkje få fri rettshjelp.

Inntekts- og formuesgrense

For å få fri rettshjelp må du ha ei bruttoinntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova. Frå januar 2022 er inntektsgrensa for einslege 320 000 kroner, og grensa for ektefeller og sambuarar er 490 000 kroner. Formuesgrensa er 100 000 kroner. Statsforvaltaren og domstolane kan i visse tilfelle gjere unntak frå reglane om inntekts- og formuesgrenser.

Uavhengig av kva du har i inntekt og formue kan du få fri rettshjelp

  • i barnevernssaker for Fylkesnemnda for sosiale saker
  • i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern og rettssaker om utskriving frå tvangspålagt psykisk helsevern
  • i saker om militærnekting
  • i saker om tvangsekteskap
  • i saker der eit valdsoffer krev erstatning frå gjerningsmannen
  • i saker om erstatning for ugrunna straffeforfølging
  • for å vurdere melding i samband med valdtekt
  • for å vurdere melding i sak om menneskehandel
  • i saker om NAVs feilaktige praktisering av EUs trygdeforordning

Eigendel

Dersom du får fri rettshjelp, skal du som hovudregel betale ein eigendel av hjelpa. Det er ingen eigendel i saker der fri rettshjelp blir gitt uavhengig av inntekt. Dersom du har ei bruttoinntekt på meir enn 100 000 kroner, må du betale ein eigendel for fri rettshjelp i saker med økonomisk behovsprøving.

Eigendelen i behovsprøvde saker er éin gong den offentlege salærsatsen (som frå januar 2022 er 1121 kroner). I saker med fri sakførsel utgjer eigendelen 25 prosent av utgiftene (maks åtte gonger salærsatsen). Det er advokaten som krev inn eigendelen. 

Fri rettshjelp i utlandet

Alle søknader om fri rettshjelp i utlandet blir behandla av Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

Vis meir


Publisert 30.01.2017

Endringar i regelverk om fri rettshjelp

Fleire endringar i regelverket for fri rettshjelp tok til å gjelde ved årsskiftet. Endringane har verknadar for kven som har rett til fri rettshjelp, på enkelte område.


Publisert 23.01.2017

Stor auke i talet på saker

Ikkje sidan 2010 har Fylkesmannen fått like mange saker på rettshjelpsområdet.


Publisert 16.01.2017

Fri rettshjelp for over 2,8 millionar kroner

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane utbetalte meir enn 2,8 millionar kroner til fri rettshjelp i 2016.


Publisert 22.12.2016

Nytt rundskriv om fri rettshjelp

Statens sivilrettsforvaltning har utarbeidd eit nytt rundskriv om fri rettshjelp som gjeld frå 1. januar 2017.


Publisert 23.12.2015

Nye funksjonar i den elektroniske skjemaløysinga for fritt rettsråd

Saman med advokatar og saksbehandlarar har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane no gjort saksbehandling av fritt rettsråd saker enda raskare og betre. Om lag 60 prosent av alle saker om fritt rettsråd blir i dag sendt inn via den elektroniske skjemaløysinga.


Publisert 16.03.2015

Nedgang i tal saker på rettshjelpsområdet dei siste åra

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har også i år fått færre saker til handsaming på rettshjelpsområdet samanlikna med tidlegare år.


Publisert 06.01.2014

Fri rettshjelp for over 2,5 millionar kroner

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane utbetalte i 2013 meir enn 2,5 millionar kroner til fri rettshjelp. Det meste av summen dekkjer kostnader i utlendingssaker, saker som gjeld barnefordeling og/eller skifte, og saker som går for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern.


Publisert 04.01.2013

Ny salærsats for advokatar i rettshjelpssaker frå 1. januar 2014

Den offentlege salærsatsen vart frå årsskiftet auka frå kr 945 til kr 965 per time.