Sjumilssteget - til beste for barn og unge
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Steg 2: God omsorg | Steg 3: Særskilt vern og støtte | Steg 4: Vern mot overgrep | Steg 5: Fullverdig liv | Steg 6: God helse | Steg 7: God utdanning |
Tverrfagleg samhandling til beste for barn er ei satsing som inngår i Fylkesmannen sitt arbeid med å implementere barnekonvensjonen internt og ute i kommunane. Gjennom 0-24-programmet jobbar vi med å styrke tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid om utsette barn og unge mellom 0 og 24 år, og deira familiar, i kommunane og fylkeskommunane. Dette er ein viktig del av Sjumilssteget som Fylkesmannen også jobbar med.
Det er mykje som må gjerast, og mange må gjere meir, for at vi skal kunne oppdage og hjelpe barn og unge som treng det. Alle som møter barn og unge på helsestasjonen, barnehagen, barnevernet, skulen og Nav har eit ansvar for å styrke samarbeid og få tenestene til å fungere saman.
For å få dette til, samarbeider fleire departement og direktorat for å fjerne hinder i regelverk, samordne tiltak og verkemiddel og gjere meir av det som har effekt. Gjennom arbeidet skal vi avdekke felles utfordringar og fremje felles tiltak og strategiar for å betre kunne følgje opp utsette barn og unge. Målet er å utarbeide gode arenaer, strukturar og prosessar som legg til rette for samhandling og samarbeid mellom direktorat og sektorar i eit langsiktig perspektiv.
Vi har organisert oppdraget som eit avdelingsovergripande prosjekt mellom utdanningsavdelinga og helse- og sosialavdelinga, med forankring på leiarnivå. Den overordna satsinga for prosjektarbeidet er med grunnlag i barnekonvensjonen, «Barneperspektivet i tenestetilbodet».
Sjumilssteget har fått ny nettside
Sjumilssteget nasjonalt har ny nettside med nyttige lenker, materiale og nett-TV. Sida skal vere eit verktøy for alle som jobbar for og med barn sine rettar.
14.09.2018
Fritidserklæringa
Fritidserklæringa har som mål at alle barn, uavhengig av foreldras sosiale og økonomiske situasjon, skal ha moglegheit til å delta i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre barn.
10.08.2018
Skulen skal delta i kommunalt tverrfagleg arbeid
Stortinget har vedteke ei plikt i opplæringslova og friskulelova for skulen til å samarbeide med kommunale tenestetilbydarar fleirfagleg vurdering og oppfølging av elevar med spesielle vanskar.
30.05.2018
Ditt eige val
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) gjennomfører no ei kampanje på sosiale medium retta mot minoritetsungdom for å fremje merksemd om negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting.
02.07.2015
Sjumilssteget og praktisering av barnekonvensjonen
Fylkesmannen vil bygge vidare på barnekonvensjonen i sine tenester til innbyggarane. Mange av kommunane i Sogn og Fjordane er komen godt i gang med tverrfagleg arbeid til beste for barn.
12.03.2015
Sjumilssteget – eit langsiktig arbeid
Sjumilsstegprosjektet vart avslutta i 2014, men satsinga på barn og unge held fram. Les rapporten om Sjumilsstegsprosjektet, og dei neste stega.
17.12.2014
Oversikt over Sjumilsstegprosjekt i kommunane
Ni Sjumilsstegprosjekt har fått midlar til fornying og innovasjon i offentleg sektor. Søknadsfrist for siste runde med midlar er 1. mars 2015.
Kontaktpersonar
Dokument
Aktuelt
Sjumilssteget handlar om å bruke FNs barnekonvensjon til å planlegge og sikre kvaliteten på tenester til barn og unge i alderen 0 - 18 år.
0-24-programmet handlar om å avdekke felles utfordringar og fremje felles tiltak for å betre kunne følgje opp utsette barn og unge.