Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Barnevern

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Dersom du er misnøgd med barnevernet, kan du klage til Statsforvaltaren.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker etter forslag frå kommunen.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av fylkesnemnda, kan bringast inn for domstolane.

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren fører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Statsforvaltaren behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Statsforvaltaren fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Statsforvaltaren.

Du kan klage

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie di meining om det barnevernet gjer, sånn at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. 

Vi jobbar med å utvikle enkle løysingar for å seie frå. Inntil vidare ber vi deg ta kontakt med Statsforvaltaren der du bur. Treng du nokon å snakke med NO? Ring Alarmtelefonen på 116 111.

Vis meir

 


Publisert 29.11.2018

Oppfølging av barn i fosterheim og fosterheimen

Når eit barn flyttar i fosterheim har kommunen plikt til å følgje opp og føre kontroll med barnets situasjon i fosterheimen. Kommunen skal sikre barnet medverknad og at fosterforeldra får nødvendig råd, rettleiing og oppfølging. Dette gjeld både ved frivillige plasseringar og plasseringar bestemt av fylkesnemnda.


Publisert 25.10.2018

Å ta opp fylkesnemdsak på ny

Barne-, ungdoms- og familiekontoret har kome med ei tolkingsuttale som gjeld barnevernlova § 4-21 andre ledd om frist for å fremje sak på ny for fylkesnemnda.


Publisert 27.07.2018

Klargjering og forenkling av reglane om opplysningsplikt til barnevernet

Fleire må melde frå til barnevernet når barn og unge kan vere utsette for alvorleg omsorgssvikt. 


Publisert 27.07.2018

Endringar i barnevernlova frå 1. juli

Lovendringane bygger på forslaget frå NOU 2016:16 Ny barnevernslov Sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse. Lova slår fast at barnet har rett til nødvendige barnevernstiltak, barnets rett til medverknad er styrka og kjærleik er teke inn i lovteksten.


Publisert 16.05.2018

Bruk av politi i barnevernsinstitusjon

Nokre barn vi snakkar med fortel at kontakt med politi kan opplevast skremmande og inngripande.


Publisert 30.04.2018

Manglande tilsyn med barn i fosterheim

Kommunanes halvårsrapportering for hausten 2017 viser at 23 % av alle barn i fosterheim i Sogn og Fjordane ikkje fekk så mange tilsyn som dei skal ha.


Publisert 20.03.2018

Barnevernsleiarsamling

Fylkesmannen inviterer til barnvernsleiarsamling 11. april 2018.


Publisert 05.02.2018

Rapport frå tilsyn med Bufetat Region Vest

Hovudføremålet med tilsynet var å undersøke om Bufetat sørgjer for forsvarleg ivaretaking av bistandsplikta i akuttsituasjonar og når barn flyttar på institusjon. Vi har påpeika fire brot på krav i barnevernlovgjevinga.


Publisert 18.01.2018

Meldeplikt for kommunen når ei gravid kvinne som er avhengig av rusmiddel vert tvangsplassert i helseinstitusjon

Frå 1. januar 2018 pliktar kommunen å melde frå til barnevernstenesta når ei gravid kvinne som er avhengig av rusmiddel vert  tvangsplassert på helseinstitusjon. Meldinga gjev barnevernstenesta høve til å opne undersøking utan samtykke frå kvinna.


Publisert 15.01.2018

Henlegging av undersøkingar etter barnevernlova

Henlegging av ei undersøking etter barnevernlova er eit enkeltvedtak. I ei tolkingsfråsegn 08.01.2018 svarer direktoratet på spørsmål om heimelsgrunnlag, grunngjeving og Fylkesmannens prøving av slike vedtak.