Fylkesberedskapsrådet: FylkesROS og totalforsvaret

FylkesROS og totalforsvaret var tema på møte i Fylkesberedskapsrådet 12. juni 2018

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.06.2018

FylkesROS

Den nye risiko- og sårbarheitsanalysen for Rogaland var ferdig 22. mars 2018 (FylkesROS). Det er den tredje i rekka av FylkesROSar som er laga. Analysen skal gi auka kunnskap og oversikt over dei viktigaste risikoane i Rogaland og målet er at den skal vere eit felles grunnlag for alle statlege og regionale beredskapsetatar, eigarar av kritiske infrastruktur og kommunane i fylket. For å sikre dette har organiseringa av prosjektet, oppbygging av analysen og val kritiske samfunnsfunksjonar, risikoområde og scenario vore drøfta og forankra i Fylkesberedskapsrådet i møta som var i 2017.

Arbeidet vart leia av beredskapseininga hos Fylkesmannen men med deltaking frå alle fagavdelingane. Vi hadde ei ekstern arbeidsgruppe med utvalde etatar frå Fylkesberedskapsrådet. Her deltok Rogaland politidistrikt, Rogaland sivilforsvarsdistrikt, HV-08, Helse Vest, Lyse Elnett og IVAR IKS. I tillegg var Haugesund kommune med som representant frå kommunane.

På områder me ikkje hadde god nok kunnskap vart dette innhenta frå eksterne fagpersonar blant dei andre medlemmene av Fylkesberedskapsrådet, andre kommunar eller frå etatar som ikkje er med i Fylkesberedskapsrådet. Dette skjedde mellom i scenariomøta.

I analysen kjem det fram at det er om lag 130 tiltak som me bør sjå nærare på. Desse er samanfatta i ein eigen oppfølgingsplan. Nokre av tiltaka gjeld Fylkesmannen sjølv, nokre av tiltaka er anbefalingar til ulike medlem av fylkesberedskapsrådet og nokre gjeld ein eller fleire kommunar. Fylkesmannen oppmoda dei som har eit ansvar for oppfølging av tiltaka i planen om ei tilbakemelding på dette. Dette vil med kome tilbake til med eit eige skriv etter sommaren. Det er meininga at oppfølgingsplanen skal reviderast ein gong per år.

Totalforsvaret

I Samband med NATO øvinga Trident Juncture i haust vil både Fylkesmannen og Fylkesberedskapsrådet bli øvd. Førebuingane er godt i gang og major Arild Sagvolden Sagvolden frå HV-08 og ass. fylkesberedskapssjef Gry Evensen frå Fylkesmannen orienterte om status for arbeidet så langt og kva som er forventningane til regional deltaking vidare. Den einskilde etat i Fylkesberedskapsrådet orienterte om kva dei hadde fått av styringssignal på fagkanal. Presentasjonane til Sagvolden og Evensen er ikkje offentleg informasjon og deira presentasjonar blir derfor ikkje lagd på nettsida.

Neste møte

Neste møte i Fylkesberedskapsrådet vil vere fredag 16. november og vil vere ei øving. Det er viktig at alle medlem har tryggleiksklarering for minimum Konfidensielt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.