Flyktningsituasjonen var hovudtema i fylkesberedskapsrådet

Fylkesberedskapsrådet møttest til årets siste møte 2. desember 2015. Asyl- og flyktningsituasjonen var hovudtemaet denne gongen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.12.2015

UDI region vest orienterte om status og gjorde greie for kva utfordringar dei har. I tillegg fortalte Rogaland sivilforsvarsdistrikt og Fylkesmannen om deira mandat og rolle. Det var sett av god tid til spørsmål og orienteringar frå alle deltakarane. Mellom anna orienterte Røde Kors og Den norske kyrkja om engasjementet som dei frivillige aktørane viser. Finansnæringa (ved SR-Bank) orienterte om utfordringane som har dukka opp med tanke på banktenester til flykningane. Det er ikkje mange bankar som har kassar med kontantar lenger.


Presentasjonane frå UDI, Rogaland sivilforsvarsdistrikt og Fylkesmannen finn du i høgremargen.

Redningstenesta

Politimeister Hans Vik orienterte om den nye organisasjonsplanen til redningstenesta. Han er ikkje endra mykje i forhold til den opphavlege versjonen. Prinsippa om ei integrert teneste for både land-, sjø og luftredning ligg fast. Det same gjer samvirkeprinsippet. Det nye er at redningstenesta nå er heimla i politilova. Det er dessutan meir merksemd rundt overgangsfasen mellom redning og normalisering - og aktivitet i redningstenesta mellom hendingane.

Ny beredskapsinstruks for Fylkesmannen

Beredskapsinstruksen for Fylkesmannen blei revidert i juni 2015. Han skal vere tydelegare på kva som er forventningane til embetet. Fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen gjekk gjennom dei mest sentrale delane av instruksen.

Sjå vedlagte presentasjon for nærare detaljar.

Neste møte

Det neste møte i fylkesberedskapsrådet er dagsett til 2. juni 2016. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.