Tysvær hardast ramma av Nina

10. januar 2015 blei Rogaland råka av ekstremvêret Nina. Uværet førte til flest skadar i Nord-Rogaland, og det var straumbrot og problem med telefonsambandet som skapte størst problem. Dei mest omfattande skadane fekk Tysvær kommune, viser evalueringsrapporten. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.03.2015

Fylkesmannen har fått inn rapportar frå alle kommunane og dei regionale etatane som hadde flest utfordringar i samband med uvêret. Desse er nå samla i ein evalueringsrapport.

Kva lærte me?

Målet med rapporten er å oppsummera og læra kva me bør ha på plass neste gong det kjem eit ekstremt vêr. Læringspunkta går i hovudsak ut på at det framleis kan bli betre samhandling mellom dei ulike regionale etatane. Fleire kommunar bør dessutan betra rutinane sine for førebuing når det kjem varsel om ekstremvêr.

Du finn heile evalueringsrapporten og oversendingsbrevet i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.