Uværet: Stengte vegar, jordras og oversvømte område

NVE varsla fredag flaum på oransje nivå for kommunane sør i Rogaland. Varselet blei oppdatert gjennom helga. Søndag kom også varsel om jordskredfare på gult nivå. Les korleis det har gått.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.10.2017

Dei aktuelle kommunane sette i verk førebyggande tiltak og overvaking av situasjonen. Fram til søndag ettermiddag hadde det berre ført til mindre skader. I løpet av kvelden og natta steig vatnet, og særleg Sokndal kommune fekk utfordringar knytt til flaumen, går det fram av rapporten som Fylkesmannen i dag har sendt til DSB og kommunane. 

Sokndal kommune

Kommunen sette krisestab. Elva Sokna flauma over og delar av Hauge sentrum er oversvømt. Fleire vegar er stengde. Sogndalstrand og byggefeltet på Øyno er isolert. Barnehagen på Øyno er stengt. Kommunen har stor bil som fraktar dei som må fraktast ut og inn av området. Kommunen har kontroll på personar med særskilte behov. Sjukepleiar er på staden på Øyno. Fem bustader er evakuerte pga. fare for fleire jordras. Kommunen ventar på geolog. Det ser ut til at flaumtoppen er passert. Vatnet trekker seg litt tilbakei sentrum.

Eigersund kommune

Få skadar, men ein del vegar er stengde på grunn av vatn i vegen. Dette er i hovudsak kommunale vegar. Mykje vatn på fv. 44 blir handtert av entreprenør.

Gjesdal kommune

Fv. 45 er stengt ved Giljajuvet på grunn av jordras. Mindre oversvømmelsar, men ingen store skadar.

Lund kommune

Ein del skadar på mindre vegar.

Andre kommunar melder om mykje vatn, men få skadar så langt. 

Heile rapporten som Fylkesmannen i Rogaland har sendt til DSB finn du som vedlegg til nettsaka. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.