Kraftig regnvêr i vente

Det er ikkje eit vêrvarsel som spritar opp julestemninga akkurat. Frå i kveld til laurdag ettermiddag er det venta lokalt store nedbørsmengder. Prognosane viser at det lokalt kan komma 80-120 millimeter på 18 til 24 timar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.12.2017

Områda nord og aust for Boknafjorden kan få rundt 150 millimeter. Også i fjellet kjem nedbøren hovudsakleg som regn.

Både Meteorologisk institutt (Met) og NVE har sendt ut oppdaterte varsel. Det er ikkje meldt ekstremt vêr, men situasjonen er under overvaking.

Fare for flaum og jordskred

NVE har varsla flaum på oransje nivå for heile fylket og jordskred på oransje nivå for kommunane Vindafjord, Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand. Dei andre kommunane i fylket har gult varsel.

Fylkesmannens vurdering

Me har vore i dialog med både Met og NVE i dag. Det er i første rekke indre delar av Ryfylke som får dei store nedbørsmengdene. Der kan det til gjengjeld komma meir enn varsla. Det gjeld alle kommunane som har oransje varsel for jordskredfare. Det kjem ikkje særleg store nedbørsmengder på kysten.

I sørfylket hadde det ikkje blitt sendt ut fase A-varsel, men eit obs-varsel, dersom det ikkje alt var sett i gang overvaking av situasjonen i heile Rogaland. Her er det venta rundt 40-70 millimeter nedbør.

Dei største nedbørsmengdene kjem først på laurdag.

På bakgrunn av både dialogen med Met og tidlegare erfaringar, diskuterte me behovet for oransje flaumvarsel i Dalane. NVE støttar vårt syn i at det ikkje er veldig sannsynleg at me kjem opp i oransje nivå i morgon, men det er usikkerheit knytt til kor nedbøren fell. Vassdraga i sør reagerer fort på nedbør. Nedbørsperioden i morgon blir relativt kort og intens, og dette aukar også usikkerheita.

Dersom me finn behov for ytterlegare informasjon frå oss, nyttar med Facebook-sida til Fylkesmannen i Rogaland i julehelga. 

Det er viktig at kommunane er budde på å følga situasjonen tettare enn vanleg. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Lenkjer