Ekstremvêret Vidar er på veg

Torsdag er det venta ekstremt høg vasstand ved flo om føremiddagen. Vasstanden blir truleg 70-85 centimeter over verdiane i tidevasstabellen. Kommunane må på bakgrunn av lokalkunnskapen sin gjera dei førebuingane som er nødvendige.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2017

Estimert returverdi for denne vasstanden er rundt 20 år. Meir informasjon om tidevatn og vasstand finst på sehavnivå.no.

Fylkesmannens vurdering

Ved målestasjonen i Stavanger er det varsla ein vasstand på om lag 174 centimeter over sjøkart 0 rundt kl. 10.00 torsdag føremiddag. Dette er 8 centimeter under høgaste registrerte vasstand, registrert 8. desember 1994 og 7 centimeter over situasjonen i januar 2007 då vasstanden blei målt til 167. Erfaringsmessig er dette ein vasstand som kan påføra bygg og infrastruktur skade.

Skadepotensialet

Skadepotensialet er også avhengig av vindstyrke, vindretning og bølger. Varselet for i morgon viser sterk kuling-liten storm frå vest-nordvest på det tidspunktet vatnet er venta å stå på det høgaste. På utsette stader langs kysten viser varselet nå bølger opp mot 6-8 meter.

Meteorologisk institutt opplyser i dag er det er lite usikkerheit knytt til varselet i morgon.

Kva må kommunane gjera?

Kommunane må på bakgrunn av lokalkunnskapen sin gjera dei beredskapsmessige førebuingane som er nødvendige.

Lenker til varselet frå Meteorologisk institutt og Se havnivå finn du i lenkesamlinga på denne sida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.