Kommunetrappa for samfunnstryggleik og beredskap 2019

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender kvart år ut ei kommuneundersøking for å kartlegga kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Fylkesmannen har vurdert eigenrapporteringa opp mot eigne tilsyn og rangert kommunane i "Kommunetrappa". 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.07.2019

Fylkesmannen har systematisert svara og gitt dei poengsum for kvart svar. Dermed er det lett å sjå utviklinga frå år til år – og kunne samanlikna resultata på tvers av kommunane. Resultata frå kommuneundersøkinga blir framstilte gjennom «kommunetrappa» - med ulike trappetrinn og fargekoder (frå raud til grøn) som indikerer kor godt kommunane gjer det. 

Korreksjon for avvik etter tilsyn

Det er ikkje alltid kommunane si eigamelding stemmer med det inntrykket Fylkesmannen sit igjen med etter tilsynet. Me er på tilsyn i kommunane om lag kvart fjerde år. Me har derfor valt å ta omsyn til dei avvika kommunane har fått for å laga eit mest mogleg objektivt og heilskapleg bilete. Poengsummen for kvar kommune er korrigert med minuspoeng frå avvik etter tilsyn. Kommunen får minuspoeng fram til avvika er lukka.

Enklare å vurdera status på samfunnstryggleiksarbeidet

Kommunetrappa gjer det enklare å vurdera status på samfunnstryggleiksarbeidet i Rogaland. Me meiner at dette kan bidra til å bevisstgjera kommunane i deira arbeid, og avdekka eventuelle svakheiter som bør ha fokus i det vidare arbeidet med kommunal beredskapsplikt. Me håper òg at kommunetrappa vil gjera at kommunane si eigamelding i større grad er samanfallande med resultata etter tilsyn.

Samarbeid gir betre resultat

Me ser ein klar samanheng mellom god kvalitet på samfunnstryggleiksarbeidet og dei kommunane som samarbeider breitt med andre. Fylkesmannen oppmodar kommunane til å samarbeida meir der det er mogleg.

Kommuneundersøkinga 2019 – nøkkeltal for Rogaland 

  • Alle kommunane i Rogaland (26 av 26) har svart på undersøkinga i 2019, noko som gir eit godt grunnlag for å samanlikna resultatet og vurdera utviklinga vidare.
  • 65 prosent av kommunane oppfyller dei viktigaste krava til kommunal beredskapsplikt.
  • Totalt er det mogleg for ein kommune å oppnå 40 poeng. For å koma i mørkegrøn sone (svært høgt nivå) må ein ha mellom 39 og 40 poeng. Berre tre kommunar kjem i mørkegrøn sone i 2019.
  • Åtte kommunar kjem i lysegrøn sone (høgt nivå). Tolv kommunar kjem i gul og oransje sone (middels nivå) og tre kommunar kjem i raud sone (lågt nivå).
  • Resultata, basert på eigenrapporteringa, er i seg sjølv ei erkjenning av at mange kommunar ikkje oppfyller alle minimumskrav i samsvar med lov og forskrift.
  • Resultata som blir nytta er korrigerte for avvik. Kommunane har i snitt gått ned 1,87 poeng etter korrigering for avvik – frå 33,77 poeng til 31,9 poeng. Dette er eit middels høgt nivå på kommunetrappa (gul sone).
  • Gjennomsnitt-resultatet har auka frå 31,5 poeng i 2018 til 31,9 poeng i 2019. Gjennomsnittet er ein indikasjon på at det framleis er ein veg å gå før alt er på plass i mange kommunar, men også at mykje av det grunnleggande er på plass.
  • Alle kommunane i Rogaland har utarbeidd ein heilskapleg ROS-analyse og ein overordna beredskapsplan. Likevel er ofte innhaldet i desse planane ikkje tilstrekkeleg.
  • 65 prosent av kommunane i Rogaland har ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse som oppfyller krava i forskrifta.
  • 50 prosent av kommunane i Rogaland har ein overordna beredskapsplan som oppfyller krava i forskrifta. Dette er noko som det bør vera enkelt å betra.
  • Risikoforhold endrar seg over tid. Naturhendingar som skred eller flaum, eller etablering av eit nytt utbyggingsområde i kommunen, skaper behov for nye risikovurderingar. Det er derfor viktig at kommunen held risikoanalysar, og planar for beredskap og krisehandtering, oppdaterte.
  • I perioden 2015 – 2018 er det avdekka 76 avvik i alt, noko som gir tilnærma tre avvik i snitt for kvar kommune (av totalt seks moglege).
  • Det blir avdekka flest avvik (19) i heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (§ 2) og heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid (§ 3) – og (14) i overordna beredskapsplan (§ 4).
  • Resultata frå 2019 viser at elleve kommunar får betre resultat, medan ti får dårlegare resultat enn i 2018. Fire kommunar ligg på same nivå som sist.

 

Kartet viser korleis kommunane er plasserte på kommunetrappa for 2019.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.