Jodtablettar ved atomhendingar

Jodtablettar kan gi vern mot kreftsjukdom etter radioaktiv ureining ved ei atomulykke. Dette gjeld særskild for gravide, ammande, barn og unge. Direktorat for strålevern atomtryggleik (DSA) og Helsedirektoratet rår disse gruppene til å ha jodtablettar i heimen. I spesielle tilfelle kan også alle under 40 år bli tilrådde å ta jodtablettar. Du kan kjøpe tablettane reseptfritt på apoteket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.10.2018

Ved ei atomhending kan radioaktiv jod bli spreidd i lufta og kan takast opp i skjoldbruskkjertelen når ein pustar inn ureina luft eller når ein tar til seg ureina mat og drikke. Tilskot av naturleg jod blokkerer opptaket av radioaktiv jod i skjoldbruskkjertelen, og reduserer derfor risikoen for kreft i denne. Tablettane skal berre takast etter råd ifrå styresmaktene. Ved eit utslepp av radioaktiv jod, vil ein som regel bli beden om å halde seg innandørs i opptil 2 døgn.

Årsaka til ei atomhending kan vere ulykke ved eit av dei aldrande kjernekraftverka i Europa, ulykke med eit reaktordrive fartøy til sjøs, eller tilsikta hendingar. Trugselbiletet når det gjeld atomberedskap er i endring og risikoen for at radioaktivt materiale kjem på avveie aukar.

Det er særleg barn og unge under 18 år, samt gravide og ammande som må ta jodtablettar ved ei hending med utslepp av radioaktiv jod. Dette fordi disse gruppene har størst risiko for å utvikle kreft i skjoldbruskkjertelen.

Dersom du er allergisk mot kaliumjodid, har Duhrings sjukdom eller har betennelsar eller forstyrringar i skjoldbruskkjertelen, skal du ikkje ta jod. Ei heller viss du manglar denne kjertelen.

Jodtablettar beskyttar berre mot radioaktiv jod, ikkje mot andre radioaktive stoff.

Her kan du lese meir om korleis du kan beskytte deg ved ei atomhending.

Meir informasjon finn du på nettsidene til Direktorat for strålevern og atomtryggleik eller i lenkja vedlagt artikkelen. Her finn de og informasjon på fleire språk; Nordsamisk, Sørsamisk, Lulesamisk, Kvensk,  Russisk, Polsk, Arabisk, Urdu, Tyrkisk, Engelsk, Litauisk, Estisk, Latvisk, Somalisk, Tamil og Vietnamesisk.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.