Risavika-rapporten: Foreslår tiltak som styrkar tryggleik og beredskap

Hamne- og industriområdet Risavika i Sola er eit regionalt, nasjonalt og internasjonalt logistikk-knutepunkt og har ei av landets største hamner. Mange av verksemdene handterer farlege stoff og farleg gods, derfor har det vore behov for ei brei kartlegging. Nå er resultatet klart, eit arbeid som er viktig for både Risavika og andre næringsområde, meiner fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.11.2015

I 2013 bestemte Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Rogaland brann og redning IKS og Sola kommune at det skulle gjennomførast ei grundig karlegging av risiko- og sikkerheitsmessige forhold i Risavika. Fylkesmannen i Rogaland har vore med i styringsgruppa.

Kunnskap, samarbeid og samordning

Bakgrunnen for det arbeidet som nå er gjennomført, har vore eit behov for ei samla vurdering av korleis tryggleiken i området blir tatt hand om, og å identifisera eventuelle behov for forbetringar og nye tryggingstiltak. Dette har vore måla i kartlegginga:

  • gi auka kunnskap om risiko og sikkherheitsmessige forhold i Risavika
  • bidra til ei felles forståing av sikkerheitsutfordringane blant aktørane
  • bidra til eit betre avgjerdsgrunnlag i arbeidet med førebygging og beredskap for verksemdene i området og relevante styresmakter
  • bidra til at det blir identifisert tiltak for å førebygga uønska hendingar og sikra heilskapleg beredskap
  • bidra til samarbeid og samordning av sikkerheitsarbeidet blant verksemdene i Risavika
  • bidra til betre samvirke mellom ulike offentlege styresmakter og aktørar med omsyn til vidare planlegging av området
  • bidra til å gi befolkninga i området informasjon om dei sikkerheitsmessige forholda i Risavika

Funn og tilrådingar

Gjennomgangen  av risikoforholda i Risavika er i hovudsak basert på risikoanalysar og annan dokumentasjon frå utvalde verksemder i området. Hovudfunnet er at det manglar klargjering av konsekvensar av ulike hendingar. Derfor blir det mellom anna tilrådd å:

  • etablera eit sikkerheits- og beredskapsforum i Risavika
  • styrka samarbeidet med nødetatane
  • utveksla kontaktopplysningar og informasjon mellom naboverksemder for gjensidig varsling og tiltak ved hendingar
  • forbetra arbeidet med risikovurderingar i verksemdene

Solid og viktig arbeid

Risavika har store og små verksemder som er viktige for heile regionen. Men enkelte av desse har også potensial for ulukker som kan ramma både liv og helse - og skada miljøet ved akutt forureining. Derfor har dette kartleggingsarbeidet vore svært viktig, og det blir eit nyttig grunnlag for både tilsynsorgan og beredskapsaktørar framover, meiner Fylkesmannen i Rogaland.

- Dette er ein solid og viktig rapport. Han blir viktig for både Risavika og andre komplekse næringsområde framover, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Du finn rapporten i høgremargen, både komplett og i kortversjon. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.