– Heiter det Statsforvaltaren i Rogaland eller Statsforvalteren i Rogaland?

Me har fått ein del spørsmål om dette etter nyttår. Då endra me namn frå Fylkesmannen i Rogaland til Statsforvaltaren i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.05.2021

Det korte svaret er at både Statsforvalteren og Statsforvaltaren er rett. Då me heitte Fylkesmannen i Rogaland var det enklare, fordi det var det same på nynorsk og bokmål. Då fylkesmannsembeta endra namn frå årsskiftet, til Statsforvaltaren/Statsforvalteren, blei det meir komplisert.

Statsorgan skal ha namn på både nynorsk og bokmål

Som regional statsetat skal me ha namn på både nynorsk og bokmål. Dette er fastsett i forskriftene til mållova. Statsorgan skal ha «namneformer både på bokmål og nynorsk dersom det ikkje høver med eit felles namn i dei to målformene».

Rogaland er eit språknøytralt fylke

Etter kommunesamanslåingane er ikkje nynorsk fleirtalsmålforma i Rogaland lenger. Rogaland er eit nøytralt fylke, i mållovas forstand.

For vår del betyr det at det skal vekslast mellom nynorsk og bokmål i fellestekstar, som på nettsidene våre. I samråd med Språkrådet har me bestemt at det meste likevel skal vera på nynorsk (om lag 75/25-fordeling). Dermed ser du både nynorsk og bokmål på nettsidene våre.

Kva med e-post-adressene?

I e-post-adressene våre er det berre @statsforvalteren som kan nyttast. Det er ei teknisk utfordring som er vrien å løysa.

Praktisk avklaring

Dersom du skriv til oss på nynorsk, bruker du Statsforvaltaren i Rogaland. Er brevet/e-posten på bokmål? Bruk Statsforvalteren i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar