Kalking nyttar! Kalkingsaktiviteten inn i Temakart Rogaland

Forsuring av vatn og vassdrag er framleis eit miljøproblem i Rogaland. Kalking er eit viktig tiltak for å redusera effektane av sur nedbør. Det er no laga eigne temalag i Temakart Rogaland med oversikt over innsjøkalking og doserkalking av laksevassdrag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.07.2016

Hovudårsaka til forsuringa er langtransportert sur nedbør. Reduksjon av utsleppa må skje med hjelp av internasjonale avtalar. Kalking er eit lokalt tiltak for å betrar vasskjemien i sure vassdrag, som igjen aukar det biologiske mangfaldet. Fisken kjem tilbake!

Innsjøkalking

Dei siste tiåra har det vore ein generell betring av forsuringssituasjonen i Rogaland, men det er fortsatt behov for å kalka fleire innsjøar i sørlige delar av fylket. Innsjøkalkinga skjer i nært samarbeid mellom ulike lokale organisasjonar, kommunane, Fylkesmannen og Miljødirektoratet.

Kalking med doserar av laksevassdrag

Doserkalking av laksevassdrag skjer i Rogaland frå Hå i sør til Suldal og Vindafjord i nord. Det er 19 doserarar i drift, fordelt på 9 laksevassdrag. Desse blir drifta av kommunane, med økonomisk støtte frå staten.

Oversikten finn du i Temakart Rogaland

Innsjøar som blir kalka, og alle laksevassdraga som blir kalka med kalkdoserar, er no lagt inn som eigne temalag i Temakart Rogaland. Dette vil vere eit godt hjelpemiddel for alle som ønskje seg ein enkel oversikt over kalkingsaktiviteten i fylket. For dei som ønskjer bakgrunnsdata, er desse tilgjengelige i Temakart Rogaland sine WMS/WFS tenester.

Les meir om kalking av vatn og vassdrag på Miljødirektoratet sine nettsider: http://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Vannforvaltning/Kalking-av-vann-og-vassdrag/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.