Rovvilt

Oppdatert 08.04.2024

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 01.02.2019

Snart frist for å søka om førebyggande tiltak mot rovdyrskadar og konfliktdempande tiltak

Privatpersonar, organisasjonar og kommunar kan søke om midlar til førebyggande tiltak mot rovdyrskadar og konfliktdempande tiltak. Fristen er 15. februar for rovviltregion 1 Rogaland, Agder og Vestland.


Publisert 18.12.2018

Erstatning i 2018 for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland

I beitesesongen 2018  var det lite tap/skadar på husdyr der freda rovvilt var skadegjerar. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr. 25 904,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2018.


Publisert 18.12.2018

Kvotefri gaupejakt i region 1 for 2019

Rovviltnemnda har i møte 14.12.2018 vedteke kvotefri gaupejakt for heile region 1 i 2019.


Publisert 07.09.2018

Lisensjakt på jerv og ulv 2018 – 2019

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jerv og 3 ulv kan fellast i Region 1 i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylker.

Lisensjakta gjeld for heile Rogaland. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Jakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.


Publisert 12.02.2018

Erstatning i 2017 for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland

Skadesituasjonen i 2017 var ganske lik som i fjor. Begge desse beitesesongane vart prega av meir enn vanleg tap av lam/sau til jerv. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr 535 832,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2017.


Publisert 18.08.2017

Løyve til skadefelling av ein jerv i Hjelmeland, Sauda, Suldal og Forsand

Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad frå Rogaland Sau og Geit, gitt løyve til skadefelling av ein jerv i kommunane Hjelmeland, Sauda, Suldal og Forsand. Løyvet gjeld i tida frå 17. august 2017 til og med 31. august 2017. Jakta vert utført av skadefellingslaget i Rogaland.


Publisert 19.12.2016

Erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland i 2016

Beitesesongen i Rogaland vart i 2016 prega av meir enn vanleg tap av lam/sau til jerv. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr. 573 995,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2016.

 


Publisert 17.10.2016

Snart frist for å søka om erstatning for rovdyrskadar

Fristen for å søka om erstatning for skadar på husdyr er 1. november. Staten erstattar dokumenterte og antatt tap og skadar frå rovdyr på husdyr. Alle søknadar må leverast elektronisk.


Publisert 09.09.2016

Lisensjakt på jerv og ulv 2016-2017

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1 i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylker.


Publisert 18.07.2016

Kontaktpersonar ved dokumentasjon av rovviltskader på husdyr

Statens naturoppsyn (SNO) har eit landsdekkande nettverk av 12 regionalt rovviltansvarlege. Nedanfor finn du liste med navn og telefonnummer over kontaktpersonar i Rogaland.