Klimakrav i offentlege innkjøp

Årleg kjøper kommune, fylke og stat inn varer og tenester for om lag 600 milliardar kroner. Ved å stille klimakrav i sine innkjøp kan de bidra til påverke og utvikle berekraftige løysingar i markedet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.10.2021

Kommunane og fylkeskommunane skal bidra til å omstille Noreg til eit lågutselppsamfunn og nå FN sine berekraftsmål.

Berekraftsmål nummer 12 heiter «Ansvarlig forbruk og produksjon». Det handlar om å gjere meir med færre ressursar. Dette inneberer mellom anna å fremma berekraftige ordningar for offentlege anskaffingar, og å redusera avfallsmenga betydeleg innan 2030 gjennom materialgjenvinning og ombruk.

Dei årlege innkjøpa i offentleg sektor utgjer heile 16 prosent av Noregs totale klimafotavtrykk. Regelverket for anskaffingar stiller tydelege krav i lov og forskrift til at det offentelege skal stille miljøkrav i anskaffingar, og at klimavenlege løysingar skal bli fremma der det er relevant.

Webinar om klimakrav offentlege innkjøp

I samarbeid med Klimapartner Rogaland og Grønn by inviterer me til digitalt arrangement om korleis kommunane sektor i Rogaland kan planlegge for grøne innkjøp. Her kjem me inn på kva som er dei styrste utfordringane ved å sette klima- og miljøkrav, korleis ein kan gjere det på ein god måte, og Karmøy kommune legg fram korleis dei arbeider med dette på Haugalandet.

Meir informasjon og påmelding finn du via denne lenka.

Arrangementet er ei del av Berekraftsveka 2021 der målet er å bli betre kjent med FN sine berekraftsmål og våre tre strategiske satsingsområde; kommunestruktur, barn og unge, og klimaomstilling. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.