Ny flott fuglefilm på Jæren våtmarksenter

Den prislønna naturfotografen Roy Mangersnes frå Sandnes har på oppdrag frå Jæren våtmarkssenter laga ein film om fuglelivet i Kvassheimsbukta i Hå. I filmen som er utan lyd, men med tekst, vil du sjå ei rekke kjende og mindre kjende fuglar som kan observerast langs Jærkysten.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2014

I 2012 fekk Jæren våtmarkssenter som eit av fem senter i landet, nasjonal status som formidlingssenter for våtmark. Dei mange naturrike våtmarksområda på Jæren og langs kysten har store opplevingskvalitetar og er sentrale for å ta vare på artsrikdommen.

Det er under oppbygging informasjon om våtmark på Friluftfyret Kvassheim, Orre friluftshus og ved hovudsenteret på Mostun i Stavanger. Dei fleste områda har internasjonal verdi etter Ramsar-konvensjonen.

Kvassheim informasjons- og friluftssenter har ope søndagar/heilagdager frå 11:30 til 16:00 i perioden januar - mars. Les meir på nettsidene til friluftsfyret Kvassheim her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.