Framande artar – det nyttar å gjera noko!

Hageavfall er søppel og må behandlast slikt. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Framande artar er eit aukande problem i Noreg. Tiltaka me gjer er viktige og dei nyttar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.08.2021

Framande arter til bry 

Framande arter utanfor hagen er til bry både for den gjengse hageentusiast, offentlege aktørar som Bane Nor og Statens Vegvesen, og naturinteresserte.  

Me brukar mykje tid og pengar på framande artar da dei hindrar sikt langs jernbaner, veier og er ein trussel for norsk naturmangfald. Og dei som me ikkje ser med det blotte auget kostar mest – dette vere seg planteparasittar eller artar som Gyrodactylus salaris (også kjend som gyro). Planteparasittane kjem ofte til Noreg med import av plantar, t.d. buskar og tre som har ein klump med jordklump kring røttene. I følge Regjeringa vert det brukt mellom 1,4 og 3,9 milliardar kroner årleg på å nedkjempe framande artar, og hindre at nye skadelege artar følger med import inn til Norge, t.d. furuvednematode, som gjer stor skade på skog i Europa.   

Kva skjer i Rogaland? 

I Rogaland søker me midlar om nedkjemping av framande artar som havnespy, sitkaplantingar i uønskt område, kjempespringfrø, parkslirekne, stillehavsøsters, mink med meir.  

Desse tiltaka skjer i regi av forvaltning av verneområde, eller som særskilte tilskot ein kan søkje om hjå Miljødirektoratet 

Tiltak nyttar! 

Me har jobba målretta med å fjerne fleire bestandar av desse artane. Til dømes langs Figgjoelva og andre elver kor kjempespringfrø spreiar seg langs vassdraga. Tilsvarande også mot mink og andre artar nemnd over, og sakte men sikkert så ser me at me klarar å tømme større område for desse, og dermed gje meir spelerom for norsk natur.  

 

Anne Elisabeth Carlsen

Anne Elisabeth Carlsen

Figur 1. Luking av kjempespringfrø bidreg til å hindra spreiing og legg til rette for norske, stadeigne artar.  Foto: NATUREco/Milciades Dominguez

Kva meir kan me gjere? 

Me kan halda fram med eksisterande tiltak, kor det viktigaste er halde hageplantar der dei høyrar heime: i hagen. Hageavfall er søppel, og søppel skal i søppelkassa eller på anna egna mottaksplass. Ikkje i utmarka, på andre sia av vegen eller ein plass kor det ligg ‘ute av syne, ute av sinn’.  

Når entreprenøren skal byggja hus, gjera jordforbetringstiltak, planera eller liknande, så må entreprenøren vere obs på kva for plantar som er til stade, sjå til dømes figur under.  

Fleire kommunar har eit større fokus på nedkjemping av framande artar. Fleire kommunar kan sette som mål at ein skal fjerne artane med høgast risiko, jf. Framandartslista hjå Artsdatabanken. Kommunar kan også auke fokuset på bruken av norske, stadeigne artar. Dette vil også vere gunstig tiltak for norske, ville pollinatorar som fleire kommunar har eit uttrykt ønske om å legge til rette for.  

Statsforvalteren i Rogaland

Figur 2. Døme på framande artar å vere obs på og som me ønske å hindre i fylket, desse er henta frå Handlingsplanen for framande artar i Rogaland side 52.  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.