Løyve til Norsk Dyremat AS

Fylkesmannen har etter søknad gitt Norsk Dyremat AS avd. Sirevåg løyve etter forureiningslova til produksjon av dyrefôr på anlegget 95/443 Nylund 30 i Hå kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.03.2019

Løyvet omfattar forureining frå produksjon av hermetisk kjæledyrfôr samt blokkfryst fôr med ei samla produksjonsramme på 20 000 tonn.

Verksemda er omfatta av EU sitt industriutsleppsdirektitiv (IED), og må derfor ha løyve etter forureiningslova sjølv om prosessvatnet er kopla til kommunalt nett.

Sjå løyvet med vedtak og saksutgreiing lenka til denne nettsaka.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, fmropost@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.