Etterhandskunngjering av løyve til Omland Tankrenovasjon AS

Fylkesmannen har gitt løyve til mottak og mellomlagring av slam frå sandfangkummar på kommunale og private overvannsnett. Mellomlageret er lokalisert på eigedomen 30/10 i Hå kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.07.2019

Mellomlageret har tidlegare vore drifta av SJT Miljø AS. Løyvet til Omland Tankrenovasjon AS samsvarer i hovudsak med det tidlegare løyvet, men  rammen for årleg mottak er redusert frå 4000 tonn til 1000 tonn. Fylkesmannen har derfor ikkje sett det naudsynt å legge søknaden ut til høyring.

Løyvet omfatter eit årleg mottak av 1000 tonn slam med maksimal samtidig lagring av inntil 50 tonn. Etter avvatning vert slammet levert til lovleg mottak ved Svåheia avfallsdeponi i Eigersund. Prosessvatnet vert via oljeutskillar påslept kommunalt nett. Løyvet sett grenseverdiar for konsentrasjon av olje og tungmetallar i avlaupsvatnet.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.  

Sjå løyve og søknad i dokumentlenkene til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.